Offentleg annonsert godheit

We only eat Halal food, sir...
I Firda den 13. juni d.å. fortel Firda-journalisten, Ole Johannes Øvretveit, at han vil ta imot 6 Syriaflyktningar i huset sitt.

Viss ein lever etter prinsippet om at der det er hjarterom er der husrom, så forventar vi at dei med slike store hjartelag også tek kostnadane og andre plikter som fylgjer med eiga godheit.

Det kan vel ikkje vere slik at Øvretveit ventar seg at staten betalar husleige og andre utgifter som kjem til? Kva ville det då vere att av godheita og hjartelaget? I tillegg til kostnadane med privat flyktninghusvære må vi tru at det også fylgjer undervisning og helsetilsyn, språkundervisning både på morsmål og på norsk på den godhjarta sin kappe.

Barnehageplass krevst sjølvsagt ikkje då borna kan leike i Øvretveit sin hage eller husvære. Men klede, mat, syklar og anna som fylgjer med, vil det vere naturleg at Øvretveit tek på eigen konto, i tråd med godt hjartelag.

Det er vel ikkje bustadar det er vanskelegast å finne på asylmarknaden, der hushaiar og brakkebaronar gjer seg feite inntekter på utleige av boligar til asylindustrien. Ein svulmande industri som ingen av dei ansvarlege vågar å fortelje om kostnadar og fylgjene av.

No er det altså 6 syriaflyktningar Øvretveit vil ta imot i heimen sin, etter ei tid vil det så verte familiegjenforeiningar. Då vil eg tru der vert liv og røre i hus og heim. Eg las ein stad at ein flyktning kostar staten 4,1 mill. i utgifter. Eg vil tru at når Øvretveit har innstallert sine 6 pluss familiegjenforeining, og skal ta kostnadane og plikter som fylgjer så vil det verte eit lysteleg gjestebod han har invitert til.

For når ein inviterar til gjestebod er det vel ikkje meininga at andre skal stå føre både kostnadane og oppvasken som fylgjer med? 

Norvald Aasen,
6983 Kvammen

Kommentarer