Ope brev til kommunestyret i Askvoll v/ordførar Frida Melvær. Askvoll kommune

Askvoll kommune i Sogn og Fjordane
Asylmottak i Askvoll.
Viser til oppslag i Firda den 17. juli 2015.

Askvoll skal ta imot asylinnvandrarar, men manglar sentrumsnære leiligheiter, kan vi lese.
Har kommunestyret søkt godkjenning for vedtaket hjå innbyggarane i kommunen?

Eg synes det kan vere på sin plass å sende ordføraren og kommunestyret to kronikkar som er skrive av Asle Toje om nettopp asylinnvandringa. Toje er forskningsdirektør ved Det Norske Nobelinstitutt. Den eine kronikken er kalla: Europas asylinnvandringssystem er bankerott, (Avisa Norge idag nr. 44/2014), den andre handlar om at 10000 syriaflyktningar kan knekke velferdsstaten, ( Norge idag nr. 23/ 2015).

Men når vi høyrer om tal asylsøkjarar/ flyktningar så vert talet på familiegjenforeingar halde utanfor. Det skal liksom ikkje nemnast for folk flest. Så dei endelege tala er langt høgare enn det som det vert snakka om offentleg.

Det har vore hevda at vi har plikt til å gjere ein nasjonal dugnad for å avhjelpe flyktningkrisene i verda. Desse dugnadane har no pågått gjennom 30 år, og eg kan ikkje sjå at verda har vorte noko betre. Men krigar og konflikter held fram grunna tilhøve som vi ikkje kan gjere noko for å hindre. Kan her nemne folketilveksten i u-landa. Og krigar er ein kamp om makt og territorium!

Om ein vil hjelpe flyktningar rundt i verda, og flest mogeleg for dei ressursane som er tilgjengelege, så må det vere hjelp i nærområdet. Men det synes ikkje som at det er slik hjelp som er viktigast. Kan gjerne nemne sitatet frå Kaare Ruud som hevda at: Dess fleire innvandrarar dess fleire innvandringsprofittørar, og dess fleire innvandringsprofittørar dess fleire innvandrarar. Ruud hadde mange år bak seg for ulike FN oppdrag, for det meste i Afrika og Asia.

Det er vel liten tvil om at denne såkalla asyldugnaden går ut på å få tømt asylmottaka slik at nye tusener kan flyttast inn. Så er det igjen spørsmål om kor lenge eit lite folk på knapt 4 mill. (vi er ikkje 5,2 mill. nordmenn og samar) kan vere ein majoritet i eige land med ein slik politikk?

Skal vi som eit lite folk stille opp i ein dugnad som endar med vår eiga utsletting som nasjon, sosialt, kulturelt, økonomisk og på anna vis, kort sagt: Skal det vere slutt på at vi er herrar i eige hus? Vår identitet som folk vert truga av dei politikarane som vi har vald i trua på at dei skal arbeide til beste for folket og landet. Politikarane er våre tenarar ikkje våre formyndarar!

Difor meinar vi at det ville vore rett av kommunestyret å halde avrøysting om saka. Det kunne vore lagt til valet til hausten, og innbyggarane kunne fått vere med på ei så viktig avgjer. Svært mange har ikkje lenger tiltru til politikarane, korkje lokalt eller sentralt, når det gjeld asyl- og innvandringssakene. Slike saker vert fatta over hovudet på folket.   


Norvald Aasen, 6983 Kvammen 
Folkerørsla mot innvandring -FMI-

Kommentarer