Til Landruksminister Sylvi Listhaug, Landbruksdepartementet

Synspunkt på styresmaktene sine prioriteringar når det gjeld bruken av våre pengar:

For ikkje lenge sidan kunne eg lese i avisa Firda (Førde) at ditt departement hadde bestemt å ta vekk støtta til sjukeavløysing for bønder over 70 år.

Så det er slik de vil plukke? Bønder som har arbeidd gjennom eit langt liv, og som held ut sjølv om dei er oppe i åra har ofte slitasjeskadar eller andre plager som ein gjerne føler ein vil få gjort noko med. Det er ikkje flust av yngre krefter som vil føre gardane vidare med det nyttige arbeidet som vert gjort innan matproduksjonen. Når då eindel bønder synes dei vil halde både gardane i stand, og å produsere mat til nytte for fellesskapet så vil de altså gjere det vanskeleg for desse. Kven er det som utnyttar beiteressursane i fjell og utmark, Listhaug? Jau, slik eg kjenner jordbruket så er det dei små bruka med beitedyr, sau, geiter eller andre større beitedyr.

Med dykkar stordrifts politikk skal altså desse bruka som utnyttar elles så utilkomelege beiteressursar, vekk. Dei vert for kostbare for samfunnet. Eg kan også nemne at eg trur at bruk med oversiktleg dyretal også ligg godt an når det gjeld dyrevelferd.

Du har ofte sagt i debattar at du har gått dine barnesko i fjøsen og på heimegarden. La meg då kommentere det slik at eg trur ikkje dei skoene er utslitne.

Og du har dermed lite forståing for dei kostnadane og det arbeid som ligg bak å drive gardsbruk. Eg vil hevde at det ikkje er bøndene sin feil at Norge er eit høgkostland. Alt er dyrt, frå kraftfor, kunstgjødsel, traktorar og anna utstyr samt reparasjonar. Om ein bonde må koste dyrlækjar til eit lamb så er fortenesta på dette lambet borte.

No er utgiftene til matproduksjon så store at om forbrukaren skulle betale det som det kostar å produsere maten så ville få ha råd til å kjøpe den. Difor er det naudsynt med tilskott, ikkje minst for forbrukaren sin del!

Prosessen med nedbygginga av jordbruket starta lenge før Frp kom i regjering. Tidlegare Venstre-leiar, Lars Sponheim, sa til Bondebladet 13. nov. 2003 at han ikkje ville felle noen tårer over at antal bruk i drift går ned.

Attgroing

Når eg ser at du vil gje tilskot til tiltak mot gjengroing, så er dette bortkasta pengar. Gjengroinga i natura skuldast at det vert stadig færre beitedyr, og storfe som før var tilpassa til beiting i fjell og utmark er for det meste borte. Når så utkant- og småbruk skal vekk vert denne jorda ikkje lenger hausta, dermed gror også eng og anna slåttemark att. Vedhogst er lite påakta då oppvarminga av bustadar no vert overteke av varmepumpe og anna elektrisk oppvarming.

Enorme utgifter som vi høyrer lite om

Når det gjeld det offentlege sin pengebruk og ulike prioriteringar så vil eg også trekke fram nokre andre utgiftspostar.

Nyleg las eg om to brør i nord-Norge som tjente 2 mill. kroner i månaden ved drift av Heros asylmottak. Og desse pengane, Listhaug, kjem frå den same statskassen som de ikkje finn å kunne hjelpe eldre slitarar frå ved sjukdom når vedkomande er over 70 år.

La meg spørje deg: Kva kostar det staten å betale kommunar, brakkebaronar og andre asylprofittørar for mottak av asylsøkjarar, flyktningar eller andre asylinnvandrarar? Slike tal må du finne fram til og sende til meg, du har god tilgang på både folk og ressursar til innhenting av desse opplysningane.

Og kva kostar det statskassen og samfunnet å sende skip til Middelhavet for å hente migrantar over til Europa, som for mange sitt vedkomande i neste omgang vert på statskassen sine ytingar for resten av livet - og gjerne med storfamiliar? Finn fram tala, Sylvi! Du kan få hjelp frå di partifelle Solveig Horne. Så skaff meg tala!

Eg trur at Frp kunne stramma inn på denne pengebruken om dei sjølve hadde hatt makt til det, men der set dei såkalla støttepartia, Venstre og Krf, og hindrar at galskapen vert innskrenka. Og Høgre er ikkje stort betre enn dei to nemnde.

Vi les at talet på såkalla mindreårige asylsøkjarar har auka med 111% sidan i 2014 og styresmaktene opprettar nye mottakssenter for slike. Dette er eit spel og eit bedrageri. Kva har desse ungdomane drive av politisk aktivitet i heimlanda som tilseier at dei treng beskyttelse og asyl? No viser det seg også at eindel av desse "mindreårige" er langt opp i vaksen alder, ja, det har vore avslørt at slike "mindreårige" har vore opp mot 30 år gamle. Dette er som eg skriv eit narrespelspel og humbug overfor folket!

Desse ungdomane kjem ikkje hit for eiga maskin, men er sende hit som ankerfeste for seinare familiegjenforeining. Dei skulle vore sende tilbake til sine foreldre eller føresette med det same. Frakteselskapa veit kvar dei har teke passasjerane ombord, og det skulle vere deira ansvar å frakte desse tilbake der dei kom frå.

Og kva kostar det samfunnet, og denne statskassen som er så nær botnskrapa at de må plukke frå minstepensjonistar og småbønder for å nemne nokre grupper, når utanriksminister Brende fær i skytteltrafikk og sprer pengar utover kloden? Og denne evindelege leiarskapen i givarlandsgrupper som norske politikarar er så hoppande glade for å kunne ha, og som ingen andre land vil ha, fordi dei veit at i Norge sit det politikarar som meir enn gjerne grip djupt i statskassen for å vise verda kven som er rikast, snillast og dummast!         

Kva kostar det samfunnet og statskassen når norske utanriksstajonar vert pålagde å finne ut bakgrunnen til tusenvis av asylsøkjarar som kjem hit utan sannferdige identitetspapir, eller utan id-papir i det heile?

Kan det vere på tide at styresmaktene tek eit oppgjer med alle desse såkalla humanitære organisasjonane som sit som dei reine asylprofittørane. Der leiarane håvar inn millionløner, og der dei berre ventar på nye båtfrakter over Middelhavet, og andre reiseruter, i håp om at flest mogeleg skal nå fram til Norge, slik at nye mottak kan opprettast og nye millionar kan renne inn på eigne kontoar - og ut av statskassen.

Kan det vere tvil om at den straum av migrantar som no siktar seg inn mot Europa, med hjelp av norske og andre europeeske politikarar og profittørar, er i ferd mod å gje Europa dødsstøyten som vestleg kultur? Politikarar som vi får serverte som våre leiarar, og som vi gjennom nådelaus valpropaganda vert lurte til å røyste på ved val, tek seg vel her rettar som dei ikkje ville hatt mandat til om vi levde i demokrati i Norge og Europa elles. Og demokrati betyr folkestyre. Det har vi i verkelegheita ikkje i dagens Europa. Her vert menneske med politisk ukorrekte meiningar og nasjonal haldning kalla personar med "grumsete haldningar". Slik er arven etter 68-arane! 
Vi har altså råd til å spele verda sin rike onkel, men har ikkje råd til å halde landet i hevd og å produsere maten vår!

Norvald Aasen, 6983 Kvammen, 11.08. 2015

Kommentarer