Til Tormod Strand, NRK

Av Norvald Aasen.

Dagsrevyen, 27.11. 2016.

Viser til ditt innslag i kveldens Dagsrevy der du besøker Finland og har ein reportasje om ei finsk kvinneleg journalist som ser seg mobba av russiske nettroll og liknande. Ho vert framstilt i reportasjen som eit offer som føler at ytringsfridomen hennar er i fåre.

No får vi jo nesten daglege røvarhistorier om Russland og Putin enten det gjeld doping eller andre påståtte åtak mot vestlege land. Er det kanskje difor NATO har kringsett Russland og føretek militære styrkeoppbyggingar langs Russland sine grenser?

Og som eit av Russland sine naboland opptrer vesle Norge som ein dårleg nabo ved å innføre "straffetiltak" mot nabolandet, og der media og styresmaktene driv den reine skræmselspropagandaen mot nabofolket i aust.

Men mitt store spørsmål i høve reportasjen om den finske journalisten som føler at hennar ytringsfridom er truga, så vil eg spørje: Er journalistar og mediamakta like opptekne av vanlege folk sin ytringsfridom, eller er det berre mediafolka sine rettar som betyr noko? Eg kan forsikre Tormod Strand om at mine røynsler med media og mogelegheiter til å ytre oss viser at ytringsfridomen har ganske tronge kår i fedrelandet.

Om ein då ikkje har tankar og haldningar som er politisk korrekte! Og vi er no eindel endå her i landet som har evne og vilje til å tenke sjølv og der journalistane sin propaganda prellar av. Eg kan minne om mange tilfeller der avisredaksjonar har returnert lesarbrev og artiklar med beskjed om at vedkomande avis skal slettast frå adresslista.

Så etter mitt syn har mediafolka alle mogelegheiter til å nå ut med sine meiningar og påvirknadar, så deira ytringsfridom er ikkje truga.     

Norvald Aasen,
6983 Kvammen