Krf og "tilgjeving"

Olaug Bollestad, Krf.
Av Norvald Aasen.

Ope brev til Olaug Bollestad, krf.

Knut A. Hareide stod på Dagsrevyen i går, 19.03. 2018, og fortalde om Krf si haldning til Listhaug. "Det er rom for tilgjeving", sa han. Men at partiet ikkje hadde tillit til henne.

Kva skal så Listhaug ha tilgjeving for frå krf, AP, SV og Raudt? 

Er det fordi ho har stått for noko som Krf har slept taket i, nemlig å verne om den nasjonalstaten, det kristne Norge og det våre forfedre og formødre har slitt og kjempa for, slik at vi, deira etterkomarar, kunne ha ein plass på kloden der vi hadde vår rettmessige heimstad.

Ei av krf sine toppfigurar i Sogn og Fjordane, Trude Brosvik, uttala seg til avisa Firda ved forrige lokalval og sa at Krf satsa på innvandring, og at moskear då ville vere ein styrke.

I det ligg det at Krf ville satsa på muslimsk innvandring til Norge. Men korleis vil det då gå med vår kristne arv? Dette fortel meg at Krf står for avhending av kristendomen og heller islamisering av vårt gamle fedreland. Då trengs det mange moskear, veit vi. Og vi har alt mange. Ser gjerne at de ser, og "nyt", filmen om Det muslimske brorskapen sine planar for overtakinga av Europa, laga av irakaren Walid al Kubaisi. Videoen kan de sjå under her.

Nyleg sa Hareide på TV at Listhaug var meir populistisk enn det Trump var. No er ikkje dette så ille eigenskap. For oss som har eit demokratisk sinnelag så er populisme noko svært bra. Det betyr at populistiske politikarar lyttar til folket. No når Krf og Hareide ligg ned mot 3 % på gallupmålingar så har då ikkje han og partiet så mange å få synspunt og henvendingar frå. Og når det å vere populistisk er så ille for Krf vil det også seie at partiet sine politikarar ikkje bryr seg om kva folket og veljarane meinar. Slik sett er dei heilt på linje med sine meiningsfeller på ytre venstre. Der er heller ikkje folkemeininga stort verd.

Difor er eg takksam for at Sylvi Listhaug er populist.

Norvald Aasen,
6983 Kvammen