Representantar frå SV vil få laga ein plan mot islamfobi

Av Jostein Næss. 

Ser i media at representantar frå SV vil få laga ein plan mot islamfobi.

For meg er det nytt at SV engasjerer seg for religion. Og nifst at de vil gjere mykje for å legge forholda til rette for Islam sin frammarsj.

Det er ikkje lenge mellom kvar gong vi kan lese om uhyrlegheiter som skjer i muslimske land, der Sharia-lovverket står sterkt. Til dømes er det slik i enkelte land at når ei kvinne vert voldtatt, så er det ho som vert straffa, fordi ho har "frista" mannen. Pisking og anna fysisk straff er og ein del av dette lovverket. Vi las for litt sidan  om ei kvinne i Iran som fekk 38 års fengsel og 148 piskeslag for å kjempe for at kvinner skulle sleppe hijab.

Kvifor skal vi ikkje kunne forsvare oss mot dette, ved å prøve å hindre at Islam får meir makt i Norge? Kvifor vert vi kalla rasistar og skal kneblast til tausheit i denne saka?

Kan de vise til eit muslimsk land der folk lever i fred med kvarandre, der kvinner har same rettar som menn, og alle kan uttale seg fritt om sine meiningar?


Jostein Ness
Bekymra for framtida