Rasismen i Noreg

Guri Melby, Venstre.
Av Norvald Aasen.

Til Guri Melby, Venstre.

Eg ser du meinar at det her i Noreg er meir rasisme enn vi likar å tru. Du har heilt rett! Vi nordmenn er utsett for meir rasisme enn nokon - i særdelesheit politikarane - ynskjer eller bryr seg med å sjå.

Minner om boka som ein muslim skreiv for eindel år sidan der det heiter at "nordmenn er Satans sønner". VG har lest boken, som er utgitt av den ukjente foreningen All Pakistan Muslim Society. Organisasjonen er verken registrert hos Oslo kommune eller hos Fylkesmannen i Oslo og Akershus. Forfatteren skal også tidligere ha gitt ut bøker og spredd dem i skjul. Ifølge VGs kilder er mannen en mullah eller religiøs leder bosatt i Oslo.

Framande velter inn over grensene og held talar og demonstrasjonar der dei skuldar oss nordmenn for rasisme. Dette gjer dei vel vitande om at dei har støtte hjå fleirtalspolitikarane og media, biskopar og resten av over-Noreg!

Men vi nordmenn har ikkje rett til å seie kva vi meinar om denne folkeinvasjonen, om vi då ikkje støttar den, det vert kalla og straffa som "rasisme". Alt vi seier eller gjer, eller ikkje seier og ikkje gjer, vert stempla som "rasisme".

Kvifor vert ikkje dine framande vener, Guri Melby, i sine heimland der det berre er fryd og gammen og der det ikkje finns rasisme eller anna styggedom? Og der det truleg heller ikkje finns svikefulle politikarar?

Det er masseinnvandringa som er grunnen til at vi nordmenn er utsette for dagleg rasisme og som de fleirtalspolitikarar så inderleg vel ønskjer oss. Den rasismen toler de så inderleg vel, for den råkar ikkje dykk sjølv og dykkar nye folkeferd i landet mitt!

Norvald Aasen,
6983 Kvammen