NB! Du må klikke på tittelen for å komme til kommentarfeltet.

mandag 6. juni 2022

Til helsestatsråd, Ingvild Kjerkol, AP, og Per Olav Lundteigen, SP, med fleire

Ingvild Kjerkol, Arbeiderpartiet.
Av Norvald Aasen. 

Eg les på ulike nettstader at helsestatsråden, Ingvild Kjerkol, AP, den 23. mai 2022, overleverte på vegne av Regjeringa, kontrollen over vår helsepolitikk til WHO. Eg vil gjerne vite om dette stemmer at norske styresmakter held fram med suverenitetsavståelse til utanlandske og overstatlege organisasjonar og samanslutningar?

Om dette stemmer så vil eg nemne § 1 i Grunnlova der det heiter at: "Kongeriket Norge er et frit, selvstendigt, udeleligt og uafhendelig Rige". Eg ber statsråden og andre som mottek mi bekymringsmelding merke seg spesielt ordet uafhendelig.  I samband med §1 kan eg nemne § 83 i Straffelova, der det heiter: "Den som rettsstridig søker at bevirke eller medvirke til, at Norge eller nogen Del av Riget bringes under fremmed Herredømme eller indlemmes i anden Stat, eller at nogen Del av Riget løsrives, straffes med hefte i mindst 8 Aar eller med fængsel fra 8 Aar indtil 21 Aar."

Eg finn også grunn til å spørje statsråden om ho og regjeringa, AP saman med SP, har drøfta denne suverenitetsavståelsen med folket? Eg finn det også merkeleg at Senterpartiet, som har gjeve inntrykk av å ville verne om norsk suverenitet på norsk område, kan la seg kjøpe til å delta i avståing av norske forhold til internasjonale organ. Nemner også at då Vassressurslova vart vedteken i Stortinget i 2001, var det berre Kystpartiet som røysta mot lova, og at dermed SP røysta for. Per Aslak Ertresvåg, skriv om dette i boka Makten bak Makten. Her skriv Ertresvåg at Lova tillet salg av vassverka våre til utlandet.    

Elles veit vi no om Acer, der Noreg har overlate vasskrafta vår, Marrakesj-avtalen skulle underskrivast i mest mogeleg løyndom, men vart så kjend og som førde til litt rabalder i folket, men fru Solberg og co pressa gjennom å binde Noreg til FNs migrasjonsplan. Vidare synes eg å minnast at finanspolitikken fekk EU hand om, slik dei styrer norske logrande politikarar, og der andre offentlege avgjerder som vedgår oss vert fatta og bestemte frå Brussel.

Vi er inne i ei tid då stadig meir av våre norske interessar vert overførde til internasjonale forum og eg finn dette å vere i strid både med Grunnlova og Straffelova sine ord, som eg alt har referert frå. Eg er sterkt bekymra over å sjå at all offentleg forvaltning og beslutningsorganar består av det same miljø med dei same interessar med vennskap og kjennskap. Dette kan eg ikkje sjå tjenar mitt eige folk og land. Men eg ser også at folket - vi nordmenn - ikkje har nokon instans der våre bekymringar kan rettast. Media er på styresmaktene sitt parti i alle saker, der vil dei også vere lojale, for det er politikarane som støttar presse og resten av media med pengar, skryt og velvilje, og dei fleste får såleis snill handsaming av media sine tilsette. Politikarar og andre i det offentlege systemet som ikke er politisk korrekte vert nøytraliserte og halde mest mogeleg unda det offentlege ordskifte! 

Norvald Aasen, indre Åsen, Brekka 115, 6983 Kvammen, (Sogn og Fjordane fylke)