Tybring-Gjedde kalt inn på teppet

Av Norvald Aasen.

Til Statsministerens kontor: Ser i media at fam. Tybring-Gjedde skal inn på teppet både her og der for å forklare seg om at dei har vore med på eit lovleg og fredeleg møte i Oslo. Har makteliten no gått heilt av skaftet?

Det skjer jo frå tid til anna at politikarar deltek i møte hos andre parti og hos ulike organisasjoner. Skal dette berre gjelde dei politisk korrekte? Er vi i ferd med å nærme oss Kim Jong un's sitt politiske paradis?

Dagsrevyen sitt oppslag den 3. nov. 2016 om eit møte i Oslo som skulle debattere eit nytt parti, oppfatta eg vart framstilt som om det skulle vere ein kriminell gjeng som gjorde noko ulovleg. Ekteparet Tybring-Gjedde vart også hengd ut på ein svært så negativ måte.

Eg vil be om at NRK gjennom sine nyheitsoppslag vidare fortel oss publikum kva som var ulovleg med dette møtet, og om dei namngjevne skulle stå for ei kriminell handling ved å møtast for å debattere kva som helst - også politikk!

Det å ha ei meining om politikk, også innvandringspolitikk, som ikke er politisk korrekt i det norske samfunnet, må kunne tolererast, også av slike som media, som meir enn gjerne påropar seg å stå for demokrati og ytringsfridom.

Dessutan meinar eg at det gjennom FNs internasjonale konvensjonar om menneskerettar er fastslege rett til å kunne møtast. Artikkel 21 slær fast at: "Retten til fredelige sammenkoster skal anerkjennes".

Eg meinar NRK også må fortelje publikum om samankomsten ved det nemnde møtet i Oslo planla valdsaksjonar eller liknande!

Eg er sterkt i tvil om at det å framstille lovlege samankomstar slik vi fekk oppleve det i Dagsrevyen sitt oppslag er i tråd med den nemnde kovensjonsteksten, og også i tråd med Grunnlova.

Då har vi i realiteten ikkje det demokratiet som media svært gjerne, og ofte, rosar seg sjølv for å vere talerør for.

Underteikna har opplevd liknande før. I 1993 var medlemar i Fedrelandspartiet samla til eit møte på Golia i Oslo der det vart snakka om mogelegheitene til å få mandat ved stortingsvalet det året. Dagbladet sin journalist møtte opp uinvitert, også den saka vart framstilt negativt slik vi kjenner hatefulle journalistar og mediafolk. Den gangen var det Frp sin Hedstrøm som skulle råkast, og for å skade både Frp og Fedrelandspartiet.

Norvald Aasen,
6983 Kvammen
Tlf: 57731844