NB! Du må klikke på tittelen for å komme til kommentarfeltet.

torsdag 4. desember 2014

Ope brev til Helga Haugland Byfuglien og resten av bispestanden

Av Norvald Aasen

Den 3. desember d.å. er Helga H. Byfuglien igjen på krigsstien til fordel for svindelen som kallast "asylbarna". Alle veit at dette omgrepet omfattar dei som vil utnytte borna for å få opphald i Norge, med og utan falsk identitet.

Men biskopane, som også er eindel av asyllobbyen, meinar tydelegvis at svindel i asyl- og innvandringspolitikken skal honorerast med varig opphald ved den norske "kjøttgryta", som forresten no snart nærmar seg botnen og beinrestane.

Og varig opphald er oppnåleg når ein berre får utnytta alle ankemogelegheiter og innom alle domstolar. Her står velviljuge toppadvokatar klare for dei langveisfarande, som har stritta imot utsending år etter år for til slutt å kunne hevde seg å ha langtidsopphald i landet. Og hjelp til å unndra seg utsending har dei fått så det munar frå biskopar, politikarar og andre pressgrupper som meinar at deira venskap med dei framande skal telje meir enn lovverk og regelverk. Og skulle slikt lov- og regelverk vere for "plagsamt" er det berre å sende asylpolitikarar til stortinget med sine klientar sine krav. Ved, eller under, sperregrensa er ikkje til hinder for at deira meiningar skal telje som om dei hadde fleirtal i folket bak seg. Dette kallast demokrati på asylnorsk!

Her kan berre kort oppsummerast dette: Dei som no krev at "asylbarna" skal få opphald i landet står i hovudsak bak strategien om å hjelpe asylantane til stadig å anke eller klage seg gjennom instansar og domstolar. Det er dei vaksne asylantane, saman med innvandringslobbyen, der biskopane er ein høgrøysta part, som står for denne strategien som har som mål å kunne hevde at "borna" har vore lenge i landet og derfor har "krav" på opphald. Dette med "asylbarn" er såleis ein nyttig bløff. Dei vaksne som skal nyte godt av bløffen høyrer vi helst lite om.

Ein annan ting som vi må påpeike overfor biskopane og andre asylaktivistar, nokon av dei kallar seg også kristne, og som hevdar å tenke på borna er dette: Både Krf og bispekollegiet som talar framande born si sak så sterkt, lever svært så behageleg med eit system som tek livet av 15000 til 16000 norske born i året. For desse små av vår eiga ætt er det ikkje noko som heiter retten til å leve opp i det landet der dei skulle høyre til som ein naturleg del. Dei har ingen rett til å klage seg gjennom noko system eller gjennom domstolar for å få kome til verda. Dei har ikkje biskopar og meir og mindre velfødde politikarar og andre taleføre som bryr seg om deira eksistens. For asyllobbyen er desse små eit null!

Men desse små er ei sorg for vårt folk, og dei som gjev seg ut for å vere folket sine talerør gjev blanke blaffen i desse hjelpelause av våre eigne. Dei er ikkje framande nok, og har vel heller ikkje den ønska etniske bakgrunn?

Slik fungerar kynismen, sviket og svineriet som litt etter litt har som mål å oppløyse nordmenn som folk - nasjon!

Nordmenn sin nasjonalstat har dei same kreftene alt oppløyst, og ugjerninga kan truleg aldri rettast opp att! Så for mange av oss verkar eit samla, polert og nystrigla bispekollegie som ein provokasjon mot alt som vi kjenner som norsk og vårt!

Norvald Aasen, 6983 Kvammen
3.desember 2014